Klimakalkulator

Klimakalkulator
Er global klimaendring vanskelig å forholde seg til? Ta en titt på klimakalkulatoren, og få tips om hvordan enkle små tiltak i hverdagen bidrar til å reduserte klimagassutslipp.

161110 | NOU om klimatilpasning


Hvit vinter var tidligere i år invitert til høringsmøte ifm med arbeidet med en NOU om klimatilpasning. NOU'en er nå ferdig, og vi sakser fra innholdet: Klimaendringane vil innebere fleire og større snøfrie område i Noreg fram mot 2100. To månader kortare snøsesong i det indre Austlandet, i fjellet i Sør-Noreg og på Finnmarksvidda og to til tre månader kortare snøsesong i låglandet og langs kysten i heile landet vil i praksis bety at snøen forsvinn heilt i mange av desse områda. Innimellom vil det vere gode snøsesongar. For eksempel vil mengda av snø i fjellet truleg kunne auke som resultat av større nedbørsmengder i ein periode, for deretter å minke når oppvarminga fører til at ein større del av nedbøren vinterstid kjem som regn. Vintersportsaktivitetar vil dermed kunne oppleve eit oppsving i første halvdel av hundreåret, for deretter å få dårlegare vilkår. Dette gjeld særleg i låglandet, der skianlegg gradvis vil oppleve kortare snøsesong med mindre snø. Skianlegg høgt til fjells og i innlandet vil òg oppleve klimaendringane utover i hundreåret, men i mindre grad. Klimaendringane vil i aukande grad avgrense tradisjonelle vinteraktivitetar.

I fjellet kan 90 prosent av breane smelte vekk, og område med stabile snøforhold vinterstid kan mot slutten av hundreåret komme til å liggje 250–450 meter høgare enn no. Snøsesongen blir venteleg kortare i heile landet med størst reduksjon i låglandet, noko som gir dårlegare vilkår for vintersportsaktivitetar i nærområdet for folk flest. Dei som ønskjer å drive med vintersport, må reise til snøsikre område i høgfjellet og på Finnmarksvidda eller kompensere gjennom produksjon av kunstsnø.